Svelt i karibisk paradis

På øya la La Gonave utanfor Port-au-Prince er det matmangel etter at over 5000 menneske har flykta frå katastrofeområdet til øya.

Ein amerikansk Hummer på patrulje virvlar opp støvet på grusvegen inne på flyplassen i Port-au-Prince. Eg ligg i skuggen av ein palle nødhjelp, og ventar på at flyet som skal ta oss inn til øya La Gonave skal bli klart for take-off.

MATMANGEL: Dei som bur på La Gonave håpar hjelpa også kommer til øya deres.
MATMANGEL: Dei som bur på La Gonave håpar hjelpa også kommer til øya deres. © TV 2

Ei glovarm karibisk sol skin over flyplassen. Sveittande flyktingar – mange av dei amerikanske statsborgarar - leitar etter flyet som skal ta dei vekk frå kaoset. Vekk frå jordskjelvramma Haiti.

Brukar småfly

Eit par menn står i par overkropp, og prøver å vaske det verste støvet av seg. I over ei veke har dei risikert livet ved å kravle inn i ruinar for å leite etter overlevande. Nesten kvar dag har kraftige etterskjelv ramma området.

Ein gaffeltruck løftar nok ein palle mat og medisinar og køyrer den fram til eit Cessna 207.

Småflyet er eit av fleire som den kristne hjelpeorganisasjonen MAF brukar til frakte nødhjelp til avsidesliggande områder.

SMÅFLY: Det er vanskelig å få fram nødhjelp til mange områder i Haiti.
SMÅFLY: Det er vanskelig å få fram nødhjelp til mange områder i Haiti. © TV 2

Mange venter fortsatt

John Woodberry frå MAF forsøker å koordinere det heile.

– Jobben vår er å få logistikken på plass, seier han.

– Bak der ser du at i natt kom det mye medisinsk utstyr til sjuksom ligger bak hangaren vår. Kirurgisk utstyr og medisinar. No hentar vi gaffeltrucken for å få det lossa.

John fortel at dei enno finn dei folk i ruinane.

– Det er skadde som har opne brot som enno ikkje er sett til, folk med sårskadar. Mykje hjelp kjem inn, og det er mange som hjelper, understrekar han.

– Likevel gjer det enorme omfanget av katastrofen at mange enno ikkje har fått hjelp. Så vår gåve til dei er å bring folk og utstyr til dei som treng det.

GJØR SITT BESTE: John Woodberry forsøker å koordinere nødhjelpen.
GJØR SITT BESTE: John Woodberry forsøker å koordinere nødhjelpen. © TV 2

Liknar paradis

Utsikten frå Cessna-flyet er fantastisk. På radioen sprakar kommunikasjonen mellom tårnet og fly på veg inn og ut frå flyplassen. Historier om mange nesten-ulukker dei siste dagane gjer at eg stille bøn om at vi ikkje ligg på kollisjonskurs med andre fly.

Frå lufta ser La Gonave ut som eit karibisk paradis. Øya har kring 100.000 innbyggarar, men utpining av naturen i Haiti, har ført til at også dette området er avhengig av import av mat.

Etter jordskjelvet har ikkje innbyggarane på øya kunne kjøpe mat i hovudstaden, dei 5000 flyktningane som har tatt seg til øya gjer ikkje situasjonen lettare.

FRÅ LUFTA: Utsikten frå Cessna-flyet er fantastisk, og får ein nesten til å gløyme katastrofen på bakken.
FRÅ LUFTA: Utsikten frå Cessna-flyet er fantastisk, og får ein nesten til å gløyme katastrofen på bakken. © TV 2

– Eg ber styresmaktene om hjelp, seier Saint Philipp Therly, som vi møter på jordet som fungerer som flystripe på øya.

– Eg veit at hjelpa verkelig er på vei, men La Gonave er ikkje blant områda som er hardast råka, fortel han. Saint Philipp ber styresmaktene ikkje å gløyme øya.

– Når tidlegare katastrofar har ramma, gløymer dei alltid at også denne øya treng hjelp, fortel han.

MANGLER MAT: På øya La Gonave utenfor Haiti er det matmangel og vanskelig å få fram hjelpesendinger.
MANGLER MAT: På øya La Gonave utenfor Haiti er det matmangel og vanskelig å få fram hjelpesendinger. © TV 2

Barn utan mat

Ein liten gut i berre t-skjorte peikar på lomma mi, og så på magen sin. Han er svolten.

Han peikar igjen, og eg kjenner samvitet stikke. TV 2 har ikkje mat med. Berre eit håp om at historiene vi kan fortelje, kanskje kan vekke nokon langt der heime.

Flyet blir lossa, og piloten gjer seg klar til returen. Han fortel at dei betaler ein mann for å rydde stripa for torner, slik at ikkje dekka på flyet skal punktere. Eg håpar han har gjort jobben sin i dag, tenker eg.

Med oss tilbake til Port-au-Prince er ei lita jente og mor hennar. Jenta såg bror sin og søster si bli knust då taket fall ned over dei.

Sjølv fekk ho øydelagt føtene.

– Barna var i bydelen Carrefour Feuilles då jordskjelvet ramma, fortel den utmatta mor hennar. Det er knapt som om stemma kan høyrast.

– Eg hadde tre born, no har eg berre eit igjen, seier ho stille. Eg har ingen fleire spørsmål å stille. Eit par sterke armar løfter jenta forsiktig ut av flyet. Etter ti dagar får jenta endeleg hjelp.


Få nyhetsvarsel fra TV 2 Nyhetene som SMS. Send NYHETER til 1984 (4,- kr/mld)
 
 
Del med andre
Abonner
Digg Nettby
Tips en venn
Les også:
84 år gammel kvinne funnet i live i ruinene
84 år gammel kvinne funnet i live i ruinene

Funnet i ruinene av sitt eget hus – ti dager etter jordskjelvet.

Denne gutten skapte overskrifter verden over
Denne gutten skapte overskrifter verden over

Kiki sier han fikk hjelp av Gud for å overleve. Nå lever han og familien i elendighet.

Frykter barn har blitt utsatt for menneskehandel
Frykter barn har blitt utsatt for menneskehandel

Flere barn har forsvunnet fra sykehus i Haiti etter jordskjelvet. Gateprisen for et illegalt barn er 870 kroner.

Minst 61 FN-ansatte døde i jordskjelvet i Haiti
Minst 61 FN-ansatte døde i jordskjelvet i Haiti

Minst 61 FN-ansatte er funnet omkommet etter jordskjelvet i Haiti i forrige uke.

Her får Kenley (15 mnd) ny pappa
106 barn fraktet ut av katastrofen

97 barn møtte sin nye familie i Europa. Ni barn venter fremdeles på sin nye mamma og pappa.

Nødhjelpsfly nektes landing
Nødhjelpsfly blir nektet landing i Haiti

Leger uten grenser kommer med krass kritikk av USAs rolle i hjelpearbeidet i Haiti, og hevder troppefly blir prioritert foran nødhjelpsfly.

Reporter i et sønderknust land
Reporter i et sønderknust land

Dårlig kommunikasjon og mennesker i nød – jobben som TV 2-reporter i Haiti var krevende.

 
 
 

Kvinne (32) knivdrept på Kolbotn lørdag:

Samboer siktet og etterlyst for knivdrap

Samboeren er fremdeles på frifot og skal ha med seg parets hund og barn.

 

Les også: Jakter samboeren som kan ha flyktet ut av landet

Jente (2) funnet i god behold

En 2 år gammel var meldt savnet på Stathelle i Telemark. 1

80-åring befridd fra konas ett år lange fangenskap

En 80 år gammel franskmann var lørdag på bedringens vei etter å ha vært holdt som fange i et avlåst vaskerom av sin kone i ett år.


Siste nyttMest lestSiste video

Søk i skattelisten

 

Tips TV 2 Nyhetene
02255
reklame