Steffen Andre (24) holdt på å sulte i hjel i omsorgsbolig
I dag takker Steffen Andre sin mor for at han lever. 1
Talet på piratangrep har eksplodert den siste tida, trass i at både EU og Nato har trappa jakta på sjørøvarane kraftig opp.
No aukar kritikken mot marineinnsatsen. - Bruk heller pengane på land, seier kritikarane. I denne utgåva av TV 2 sitt utanriksmagasin Korrespondenten, får du sjå meir om piratane ved Afrikas horn.
Sjå også dokumentaren «Piratjakten» på web-tv.
USAs president Barack Obama reiste denne veka på si største utanlandsreise som amerikansk president. Lengst tid brukte Obama i Kina, noko som kanskje understrekar at forholdet mellom dei to stormaktene er viktigare enn nokon gong. Men presidentbesøket utløyste også Obama-feber i Kina.
LES OGSÅ: Obama avrunder Kina-besøk
Denne veka vart det også klart at det blir ei sivil rettsak mot bakmennene til terrorangrepa 11. september 2001. Men det har skapt heftig debatt, og då særleg i New York. Medan enkelte meiner sirkelen dermed blir slutta, meiner mange mener det er galt å stille dei tiltalte for retten, berre eit steinkast unna staden nær 3000 menneske blei drepne.
Korrespondenten besøker også Afghanistan, der meiningane er delte om korleis bistanden til landet best når fram. Vår reporter Yama Wolasmal har snakka med folk på gata i Kabul.
Sjå utanriksmagasinet «Korrespondenten» i toppen av artikkelen.
| Publisert | 20.11.2009 15.04 |
| Oppdatert | 20.11.2009 16.36 |
I dag takker Steffen Andre sin mor for at han lever. 1
Barneministeren mener dagens rutiner er for dårlige når det gjelder å få avklart farskap.
